Søk i denne bloggen

søndag 8. januar 2017

BBQ-pizza

I frå ein eller annan plass har me ete pizza med BBQ-saus. Og det smaker bare himmelsk! Men det har ikkje lukkast oss å finne ei oppskrift. Me prøvde oss iallfall på ei "heimasnekra" oppskrift:

Dette er ei amerikansk pizza, der botnen ikkje er italiensk-tynn, men amerikansk, men likevel noko tynn.

Fyll:
-½ flaske BBQ-saus
-3-400 gr strimla biff
-eit par skiver bacon
-1 løk (enten gul eller raud)
-1 liten boks ananas
-eit par cherry-tomater
-paprika
-ost

Steik biff og bacon i ei panne.
Gul løk: Skjer i biter og steik i lag med kjøtet. Raud løk: Skjer i skiver og topp pizzaen.
Ha deretter litt av BBQ-sausen og bland med kjøtet og evt løk.
Smør eit tynt lag med BBQ-saus på botnen.
Ha på kjøtet, samt ananas, cherry-tomater, paprika, evt raud løk, samt ost.
Steik på 250 grader til osten er gylden. Dvs ca 15-20 minutt.